Attom er eit lite arkitektkontor i Bergen, driven av Eva Bull og Åsmund Knapstad Hårklau.
Vi teiknar tilbygg, rehabilitering, offentlege rom og nybygg – alltid med respekt for det som alt finst. Nye løysingar blir kombinert med eksisterande kvalitetar, slik at det nye opplevast som ein naturleg del av heilskapen. Prosjekta våre er forankra i miljøomsyn, lokal kultur og ønskje om å gjere god arkitektur tilgjengeleg for alle.
For oss er arkitektur ein ramme for liv og aktivitet, ikkje berre problemløysing. Leiken er ein sentral del av prosessen, saman med oppdragsgivar og stad, for å skape løysingar som gir glede og varig verdi.
Kom gjerne innom kontoret vårt for ein kopp kaffi eller te.