Attom er eit arkitektkontor med base i Bergen. Kontoret består av Eva Bull og Åsmund Knapstad Hårklau, begge utdanna MNAL ved Bergen Arkitekthøgskule. Åsmund arbeider i dag óg som undervisar i fyrste avdeling på skulen.
Eva har i tillegg til utdanninga som arkitekt, bakgrunn frå Universitetet i Bergen, med anna ei bachelorgrad i sosialantropologi.

Kontorets kjerneverksemd er offentlege rom, renovasjon og nybygg. Me gjer og byggesøknadar.
Lokal tilhøyre; i form av tilpassing til omgivnadane, bruk av lokale material, tradisjonar, personar og bedrifter er noko me set i høgsete.

Me meiner arkitektur ikkje er eit slutt-mål i seg sjølv, men heller ein bakgrunn for hendingar og aktivitet. I dette synet er ikkje arkitektur problemløysing, men heller opnande for kva moglegheiter kan finnast.

I dette arbeidet har leiken ei sentral rolle, og ilag med oppdragsgivar og staden trur me denne tilnærminga skin igjennom i eit sluttresultat som skaper gode løysingar som gjer glede hjå brukarane.

Kom gjerne innom kontoret vårt for ein kopp kaffi eller te.

Org.nr. 926341995MVA