009 bergsliparken
Moglegheitstudie av Bergsliparken, Vossavangen.
Attskaping som konsept.
som studio hug
Skisseprosjekt
For Vossherad

Hovudgrepet i prosjektet er attskaping av element frå arbeida til Bergsli-kunstnarane.
Element vert trekt ut av verk, og omgjort til nye, romdannande innlegg som svarer på behova til parken.
Nokre har konkrete program; som ein sti -basert på ei takrenne i «aften på sætra» eller stigbøylane til Karl Johan, statua som vert sittegrupper. Andre er friare i tolkinga, som ei flate som kan vere ein platting til å sitte på, ei konsertscene, eller eit viddelandskap, basert på skulpturen «Kvinne støtter liket av en mann» -eller ei forhøgning i grasplenen som kan minne om halen til huldra i «Huldri kysser ein sovande gjætargut».
Gjennom å trekke ut desse elementa frå produksjonen til Bergsli-kunstnarane, vert parken på eitt sett med å syne breidda i kunstnarskapen deira, og på eit anna ein yrande grobotn for fabulering, dagdrøyming og undersøkingar for besøkande.
Gjenomgåande for prosjektet er forhaldet til kyrkjemuren. Den har vorte brukt som førande på horisonten på innlegga. Ingen element bryt denne horisonten -og soleis vert dette sakrale rommet uforstyrra. Elementa har fått si plassering for å dele den store grassletta opp i rom som betre passer den mennesklege skala, og vert ein plass ein føler seg meir ivareteken og inkludert i. Det finst eit tilhøve mellom skalaen på rom, og openheit og siktlinjer proshjektet balanserer imellom.
Delen av parken frå 1928, som er teikna av Magnus Dagestad, ein av dei viktigaste skikkelsane innan kunsthandtverk i Vossabygdene i moderne tid vert foreslått vølt, samt gjedd nye tilknytningar mot nord og sør for å auka tilgjengeligheit, samt knyte området ihop med sør-sida av kyrkja.